Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 4:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Moses svara: «Men enn om dei ikkje trur meg og ikkje høyrer på meg, men seier: Herren har ikkje synt seg for deg.»

2. Herren sa til han: «Kva har du i handa?» «Ein stav», svara han.

3. «Kast han på jorda!» sa han. Og Moses kasta staven på jorda. Då vart staven til ein slange, og Moses rømde for han.

4. Herren sa til Moses: «Rett ut handa og grip han i sporden!» Så rette han ut handa og greip han, og slangen vart til ein stav i handa hans.

5. «Dette er for at dei skal tru at Herren, deira fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har synt seg for deg.»

6. Og Herren heldt fram: «Stikk handa inn på brystet!» Han stakk handa inn på brystet og drog henne ut att. Og sjå, handa hadde fått kvite flekker, liksom snø.

7. Då sa Herren: «Stikk handa inn på brystet ein gong til!» Moses stakk handa inn på brystet, og han drog henne ut, og sjå, huda var som elles på kroppen.

8. «Om dei ikkje trur deg og ikkje lyder ved det første teiknet, så vil dei tru etter det andre.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 4