Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 39:3-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Gullet hamra dei ut i plater og skar det opp til tråd, så det kunne vevast inn i det purpurblå, purpurraude og karmosinraude stoffet og i det fine linet, alt i kunstvevnad.

4. Til efod-drakta laga dei aksleband som var feste i hjørna og heldt henne i hop.

5. Beltet som sat fast på efoden, gjekk i eitt med drakta. Det var òg vove av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn og fint, tvinna lin, slik Herren hadde bode Moses.

6. Dei sette onyks-steinane i innfatningar av gull. På steinane var namna til Israels søner graverte inn, som i eit signet.

7. Dei sette dei på akslebanda til efoden. Dei skulle minna om Israels søner, slik Herren hadde bode Moses.

8. Dei laga bryststykket i kunstvevnad, på same måten som efod-drakta. Det var av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin.

9. Bryststykket var firkanta og bretta dobbelt. Det var eitt fingerspenn langt og eitt fingerspenn breitt når det var lagt dobbelt.

10. Dei sette fire rader med steinar på det. I den eine rada var det ein rubin, ein topas og ein smaragd,

11. i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant,

12. i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst

13. og i den fjerde rada ein krysolitt, ein onyks og ein jade. Dei vart sette inn i innfatningar av gull.

14. Dei tolv steinane bar namna på Israels søner, ein for kvart namn. På kvar stein var namnet på ein av dei tolv stammane gravert inn, slik som i eit signet.

15. Til bryststykket laga dei kjeder av reint gull. Dei var fletta slik ein flettar snorer.

16. Dei laga òg to innfatningar og to ringar av gull. Ringane sette dei i kvart sitt hjørne av bryststykket.

17. Dei to gullsnorene feste dei i dei to ringane i hjørna på bryststykket.

18. Dei to andre endane av gullsnorene feste dei til dei to innfatningane, og sette dei på akslebanda til efod-drakta, på framsida.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 39