Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 39:26-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Ei bjølle og eit granateple, ei bjølle og eit granateple rundt heile kanten av kappa som skulle brukast i tenesta, slik Herren hadde bode Moses.

27. Til Aron og sønene hans laga dei òg kjortlar vovne av fint lin,

28. ein turban av fint lin, pynta turbanar av fint lin, bukser av fint, tvinna lin

29. og eit belte av fint, tvinna lin, i purpurblå, purpurraud og karmosinraud farga vevnad, slik Herren hadde bode Moses.

30. Dei laga ei plate av reint gull. Det var det heilage diademet. På den skreiv dei, slik ein graverer inn i eit signet: «Helga til Herren».

31. Dei sette ei purpurblå snor på plata og feste henne oppe på turbanen, slik Herren hadde bode Moses.

32. Såleis vart alt arbeidet fullført på bustaden, teltheilagdomen. Israelittane gjorde alt slik som Herren hadde bode Moses.

33. Og dei kom med bustaden til Moses: teltet med alt utstyret som høyrde til, krokane, plankane, tverrstengene, søylene, soklane,

34. dekket av raudfarga vêrskinn, dekket av fingarva skinn, forhengsteppet,

35. kista med vitnemålet og berestengene, soningsloket,

36. bordet med alt som høyrde til, skodebrøda,

37. lysestaken av reint gull med lamper som skulle setjast i rad, og alt som høyrde til, oljen til lampene,

38. det gullkledde altaret, salvingsoljen, den velluktande røykjelsen, teppet til inngangen til teltet,

39. bronsealtaret med bronserista, berestenger og alt som høyrde til, vaskefatet med understell,

Les hele kapitlet 2. Mosebok 39