Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 39:24-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Nedst rundt kappekanten sette dei granateple av tvinna purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn.

25. Dei laga også bjøller av reint gull og sette dei mellom granatepla rundt heile kappekanten.

26. Ei bjølle og eit granateple, ei bjølle og eit granateple rundt heile kanten av kappa som skulle brukast i tenesta, slik Herren hadde bode Moses.

27. Til Aron og sønene hans laga dei òg kjortlar vovne av fint lin,

28. ein turban av fint lin, pynta turbanar av fint lin, bukser av fint, tvinna lin

29. og eit belte av fint, tvinna lin, i purpurblå, purpurraud og karmosinraud farga vevnad, slik Herren hadde bode Moses.

30. Dei laga ei plate av reint gull. Det var det heilage diademet. På den skreiv dei, slik ein graverer inn i eit signet: «Helga til Herren».

31. Dei sette ei purpurblå snor på plata og feste henne oppe på turbanen, slik Herren hadde bode Moses.

32. Såleis vart alt arbeidet fullført på bustaden, teltheilagdomen. Israelittane gjorde alt slik som Herren hadde bode Moses.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 39