Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 39:12-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst

13. og i den fjerde rada ein krysolitt, ein onyks og ein jade. Dei vart sette inn i innfatningar av gull.

14. Dei tolv steinane bar namna på Israels søner, ein for kvart namn. På kvar stein var namnet på ein av dei tolv stammane gravert inn, slik som i eit signet.

15. Til bryststykket laga dei kjeder av reint gull. Dei var fletta slik ein flettar snorer.

16. Dei laga òg to innfatningar og to ringar av gull. Ringane sette dei i kvart sitt hjørne av bryststykket.

17. Dei to gullsnorene feste dei i dei to ringane i hjørna på bryststykket.

18. Dei to andre endane av gullsnorene feste dei til dei to innfatningane, og sette dei på akslebanda til efod-drakta, på framsida.

19. Så laga dei to gullringar til og sette dei i dei to andre hjørna av bryststykket, ved den indre kanten som vender inn mot efod-drakta.

20. Så laga dei endå to gullringar og sette dei nedst på dei to akslebanda, på framsida ved saumen over beltet på efoden.

21. Ringane på bryststykket batt dei til ringane på efod-drakta med ei purpurblå snor, slik at bryststykket vart sitjande over beltet og ikkje kunne losna frå drakta, slik Herren hadde bode Moses.

22. Kappa som høyrer til efod-drakta, var voven i einsfarga, purpurblått stoff.

23. Midt på kappa var det ei opning som på ei brynje, og rundt opninga var det ein kant, slik at ho ikkje kunne rivna.

24. Nedst rundt kappekanten sette dei granateple av tvinna purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn.

25. Dei laga også bjøller av reint gull og sette dei mellom granatepla rundt heile kappekanten.

26. Ei bjølle og eit granateple, ei bjølle og eit granateple rundt heile kanten av kappa som skulle brukast i tenesta, slik Herren hadde bode Moses.

27. Til Aron og sønene hans laga dei òg kjortlar vovne av fint lin,

28. ein turban av fint lin, pynta turbanar av fint lin, bukser av fint, tvinna lin

29. og eit belte av fint, tvinna lin, i purpurblå, purpurraud og karmosinraud farga vevnad, slik Herren hadde bode Moses.

30. Dei laga ei plate av reint gull. Det var det heilage diademet. På den skreiv dei, slik ein graverer inn i eit signet: «Helga til Herren».

Les hele kapitlet 2. Mosebok 39