Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 38:16-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Alle omhenga rundt føregarden var av fint, tvinna lin.

17. Soklane til søylene var av bronse, hakane og stengene til dei var av sølv, og søylehovuda var kledde med sølv. Alle søylene i føregarden hadde sølvband.

18. Til porten inn til føregarden var det eit forheng i purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin, alt i farga vevnad. Teppet var tjue alner langt og fem alner høgt, etter breidda på veven, liksom omhenga rundt føregarden.

19. Til forhenget var det fire søyler med soklar av bronse. Hakane var av sølv, og søylehovuda og banda var kledde med sølv.

20. Alle pluggane til bustaden og føregarden rundt han var av bronse.

21. Her er rekneskapen for bustaden – vitnemålsbustaden. Moses baud levittane setja bustaden opp, og Itamar, son til presten Aron, leidde arbeidet.

22. Besalel, son til Uri, son til Hur frå Juda-stammen, hadde gjort alt det som Herren hadde pålagt Moses.

23. Saman med han var Oholiab, son til Ahisamak frå Dan-stammen. Han var dugande i alt slag handverk og kunstnarleg arbeid og til å veva i farga garn og fint lin, i purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt.

24. Alt gullet som vart brukt til arbeidet med å gjera heilagdomen ferdig, det gullet som var gjeve som svingeoffer, var 29 talentar og 730 sjekel etter vekta i heilagdomen.

25. Og sølvet som kom inn då dei heldt manntal i forsamlinga, var 100 talentar og 1775 sjekel etter vekta i heilagdomen,

26. ein beka per hovud, det vil seia ein halv sjekel etter vekta i heilagdomen for alle som vart talde, frå tjueårsalderen og oppover, og det var 603 550 mann.

27. Dei hundre talentane med sølv vart brukte til å støypa soklane til heilagdomen og soklane til forhenget, hundre talentar til hundre soklar, ein talent til kvar sokkel.

28. Og dei 1775 sjekel brukte dei til hakane på søylene, til å kle søylehovuda og til å setja band på dei.

29. Bronsen som vart gjeven som svingeoffer, var 70 talentar og 2400 sjekel.

30. Av den laga dei soklane ved inngangen til teltheilagdomen, bronsealtaret med bronserista som høyrde til, og alt utstyret til altaret,

31. soklane rundt føregarden og soklane til porten inn til føregarden, alle pluggane til bustaden og føregarden rundt han.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 38