Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 36:6-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Då baud Moses at det skulle ropast ut i leiren: «Ingen, korkje mann eller kvinne, skal leggja meir arbeid i offergåva til heilagdomen.» Slik vart folket hindra i å koma med meir.

7. Det dei hadde gjeve, var nok til å få arbeidet gjort, ja, meir enn nok.

8. Alle som hadde visdom i hjartet til dette arbeidet, laga no bustaden av ti teltdukar. Dei var av fint, tvinna lin og purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff. I dukane var det vove inn kjerubar i kunstvevnad.

9. Kvar duk var tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane hadde same mål.

10. Fem av dukane skøytte dei saman, den eine med den andre, og like eins dei andre fem dukane.

11. Langs kanten av den duken som var ytst på det eine ihopskøytte stykket, laga dei purpurblå hemper, og like eins langs kanten av den ytste duken på det andre stykket.

12. Femti hemper laga dei på den eine duken og femti hemper i kanten av duken på det andre stykket. Hempene sat rett imot kvarandre.

13. Og dei laga femti krokar av gull. Med dei hekta dei dukane saman så bustaden vart ein heilskap.

14. Dei laga dukar av geiteragg til eit telt over bustaden. Elleve slike dukar laga dei.

15. Kvar duk var tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane hadde same mål.

16. Fem av dukane skøytte dei saman for seg, og seks for seg.

17. I kanten av den ytste duken på det eine samansydde stykket sette dei femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper.

18. Og dei laga femti krokar av bronse så teltet kunne festast saman til ein heilskap.

19. Deretter laga dei eit dekke av raudfarga vêrskinn til å ha over teltet, og over det att eit anna dekke av fingarva skinn.

20. Plankane til bustaden laga dei av akasietre. Dei stod loddrett.

21. Kvar planke var ti alner lang og ei og ei halv alen brei.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 36