Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 36:30-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Såleis vart det åtte plankar og seksten soklar av sølv, to soklar under kvar planke.

31. Dei laga tverrstenger av akasietre, fem til plankane på den eine sida av bustaden,

32. fem tverrstenger til plankane på den andre sida og fem tverrstenger til plankane på baksida av bustaden, mot vest.

33. Midtstonga sette dei slik at ho gjekk tvers over, frå den eine enden til den andre, midt på plankane.

34. Plankane kledde dei med gull, og ringane på dei som var haldarar for tverrstengene, laga dei av gull. Tverrstengene kledde dei òg med gull.

35. Dei laga eit forheng av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. Det var laga i kunstvevnad, med kjerubar.

36. Dei laga fire søyler av akasietre til å hengja det på og kledde dei med gull. Hakane på dei var òg av gull. Og dei støypte fire soklar av sølv til dei.

37. For inngangen til teltet laga dei eit teppe av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin, alt i farga vevnad.

38. Til teppet laga dei fem søyler med hakar. Søylehovuda og banda kledde dei med gull, men dei fem soklane var av bronse.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 36