Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 36:14-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Dei laga dukar av geiteragg til eit telt over bustaden. Elleve slike dukar laga dei.

15. Kvar duk var tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane hadde same mål.

16. Fem av dukane skøytte dei saman for seg, og seks for seg.

17. I kanten av den ytste duken på det eine samansydde stykket sette dei femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper.

18. Og dei laga femti krokar av bronse så teltet kunne festast saman til ein heilskap.

19. Deretter laga dei eit dekke av raudfarga vêrskinn til å ha over teltet, og over det att eit anna dekke av fingarva skinn.

20. Plankane til bustaden laga dei av akasietre. Dei stod loddrett.

21. Kvar planke var ti alner lang og ei og ei halv alen brei.

22. På kvar planke var det to tappar som var tilpassa kvarandre. Slik laga dei alle plankane til bustaden.

23. Av plankane dei laga til bustaden, sette dei opp tjue på sørsida, mot sør.

24. Til dei tjue plankane laga dei førti soklar av sølv, to soklar under kvar planke til å festa dei to tappane i.

25. På den andre sida av bustaden, på nordsida, laga dei òg tjue plankar

26. med førti soklar av sølv, to under kvar planke.

27. Til baksida av bustaden, mot vest, laga dei seks plankar,

28. og i tillegg to plankar, ein til kvart hjørne på baksida av bustaden.

29. Dei var doble nedst og øvst og gjekk saman i éin ring. Slik var det med dei begge; dei utgjorde dei to hjørna.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 36