Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 36:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Besalel og Oholiab skal arbeida saman med alle kloke menn som Herren har gjeve visdom og innsikt, så dei veit korleis dei skal gjera alt arbeid som høyrer til tenesta i heilagdomen akkurat slik som Herren har sagt.

2. Så kalla Moses på Besalel og Oholiab og på alle dei kloke mennene som Herren hadde gjeve visdom i hjartet, alle som kjende seg drivne til å ta fatt på arbeidet og fullføra det.

3. Av Moses fekk dei alle offergåvene som israelittane hadde kome med til arbeidet og tenesta i heilagdomen. Men morgon etter morgon heldt folket fram med å koma med frivillige gåver.

4. Då kom alle som hadde visdom til å gjera alt arbeidet på heilagdomen, kvar frå sitt arbeid,

5. og sa til Moses: «Folket kjem med meir enn det som er naudsynt for å utføra det arbeidet som Herren har pålagt oss.»

6. Då baud Moses at det skulle ropast ut i leiren: «Ingen, korkje mann eller kvinne, skal leggja meir arbeid i offergåva til heilagdomen.» Slik vart folket hindra i å koma med meir.

7. Det dei hadde gjeve, var nok til å få arbeidet gjort, ja, meir enn nok.

8. Alle som hadde visdom i hjartet til dette arbeidet, laga no bustaden av ti teltdukar. Dei var av fint, tvinna lin og purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff. I dukane var det vove inn kjerubar i kunstvevnad.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 36