Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 34:3-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Ingen må gå opp saman med deg, og ingen må visa seg på heile fjellet. Korkje småfe eller storfe må beita framfor fjellet.»

4. Så hogg Moses ut to steintavler som var like dei første. Tidleg neste morgon gjekk han opp på Sinai-fjellet, slik Herren hadde bode han, og han hadde begge steintavlene med seg.

5. Då steig Herren ned i ei sky, stilte seg opp attmed han og ropa ut namnet Herren.

6. Herren gjekk framom han og ropa: «Herren er Herren, ein mild og nådig Gud, sein til vreide og rik på miskunn og sanning!

7. Han held fast på si miskunn i tusen slektsledd og tilgjev synd, skuld og lovbrot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. For synda til fedrane straffar han born og barneborn og tredje og fjerde slektsleddet.»

8. Straks bøygde Moses seg til jorda og tilbad.

9. Han sa: «Herre, dersom eg har funne nåde for auga dine, så gå med oss, Herre! Sjølv om dette er eit stivnakka folk, så tilgjev oss vår synd og skuld og gjer oss til din eigedom.»

10. Då sa Herren: No vil eg gjera ei pakt. Framfor heile folket ditt vil eg gjera underfulle gjerningar som før aldri er gjorde nokon stad på jorda eller blant noko folkeslag. Heile det folket du lever blant, skal sjå kor skremmande det er, det verket som eg, Herren, vil gjera med deg.

11. Gjev akt på det eg pålegg deg i dag! Sjå, eg vil driva ut for deg amorittane, kanaanearane, hetittane, {{girgasjittane}}, perisittane, hevittane og jebusittane.

12. Ta deg i vare så du ikkje gjer ei pakt med dei som bur i det landet du kjem til, så dei ikkje fangar deg i ei felle.

13. De skal riva ned altara deira og slå sund steinstøttene, og Asjera-pålane skal de hogga ned.

14. Du skal ikkje tilbe nokon annan gud, for Herren heiter Nidkjær; han er ein nidkjær Gud.

15. Du skal ikkje gjera noka pakt med dei som bur i landet! For dei driv hor med gudane sine og ofrar til dei. Dersom dei bed deg til seg, kjem du til å eta av offera deira.

16. Tek du koner til sønene dine blant døtrene deira, så vil døtrene deira driva hor med gudane sine og få sønene dine til å driva hor med gudane deira.

17. Du må ikkje laga deg støypte gudar.

18. Du skal halda høgtida med usyra brød. Sju dagar skal du eta usyra brød, slik eg har bode deg, til fastsett tid, i månaden abib. For i månaden abib drog du ut frå Egypt.

19. Alt som opnar morslivet, høyrer meg til; alle førstefødde hanndyr i buskapen din, anten det er storfe eller småfe.

20. Alt som opnar morslivet hos esla, skal du løysa ut med eit lam. Løyser du det ikkje ut, skal du bryta nakken på det. Kvar førstefødd blant sønene dine skal du løysa ut. Ingen må visa seg tomhendt for mitt andlet.

21. Seks dagar skal du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila. Sjølv om det er tid for å pløya eller hausta, så skal du kvila.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 34