Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 34:2-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Hald deg klar til i morgon tidleg! Då skal du gå opp på Sinai-fjellet. Der skal du stilla deg fram for meg på toppen av fjellet.

3. Ingen må gå opp saman med deg, og ingen må visa seg på heile fjellet. Korkje småfe eller storfe må beita framfor fjellet.»

4. Så hogg Moses ut to steintavler som var like dei første. Tidleg neste morgon gjekk han opp på Sinai-fjellet, slik Herren hadde bode han, og han hadde begge steintavlene med seg.

5. Då steig Herren ned i ei sky, stilte seg opp attmed han og ropa ut namnet Herren.

6. Herren gjekk framom han og ropa: «Herren er Herren, ein mild og nådig Gud, sein til vreide og rik på miskunn og sanning!

7. Han held fast på si miskunn i tusen slektsledd og tilgjev synd, skuld og lovbrot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. For synda til fedrane straffar han born og barneborn og tredje og fjerde slektsleddet.»

8. Straks bøygde Moses seg til jorda og tilbad.

9. Han sa: «Herre, dersom eg har funne nåde for auga dine, så gå med oss, Herre! Sjølv om dette er eit stivnakka folk, så tilgjev oss vår synd og skuld og gjer oss til din eigedom.»

10. Då sa Herren: No vil eg gjera ei pakt. Framfor heile folket ditt vil eg gjera underfulle gjerningar som før aldri er gjorde nokon stad på jorda eller blant noko folkeslag. Heile det folket du lever blant, skal sjå kor skremmande det er, det verket som eg, Herren, vil gjera med deg.

11. Gjev akt på det eg pålegg deg i dag! Sjå, eg vil driva ut for deg amorittane, kanaanearane, hetittane, {{girgasjittane}}, perisittane, hevittane og jebusittane.

12. Ta deg i vare så du ikkje gjer ei pakt med dei som bur i det landet du kjem til, så dei ikkje fangar deg i ei felle.

13. De skal riva ned altara deira og slå sund steinstøttene, og Asjera-pålane skal de hogga ned.

14. Du skal ikkje tilbe nokon annan gud, for Herren heiter Nidkjær; han er ein nidkjær Gud.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 34