Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 33:6-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Frå då av, ved fjellet Horeb, la israelittane bort smykka sine.

7. Moses brukte å ta teltet og slå det opp eit godt stykke utanfor leiren. Han kalla det teltheilagdomen. Alle som ville spørja Herren til råds, gjekk til dette teltet utanfor leiren.

8. Kvar gong Moses gjekk ut til teltet, reiste heile folket seg og vart ståande ved inngangen til kvart sitt telt. Dei såg etter Moses til han var komen inn i teltet.

9. Og når Moses var komen inn i teltet, kom skysøyla ned og vart ståande ved inngangen til teltet, og han tala til Moses.

10. Når folket såg skysøyla stå ved inngangen til teltet, reiste dei seg alle saman, bøygde seg og tilbad, kvar ved si teltopning.

11. Så tala Herren med Moses, andlet til andlet, slik som menneske snakkar med kvarandre. Sidan gjekk Moses tilbake til leiren. Men tenaren hans, ein ung gut som heitte Josva, son til Nun, gjekk aldri frå teltet.

12. Moses sa til Herren: «Sjå, du seier at eg skal føra dette folket opp, men du lèt meg ikkje vita kven du vil senda med meg. Likevel har du sagt: Eg kjenner deg ved namn, og du har funne nåde for auga mine.

13. Er det slik at eg har funne nåde for auga dine, så syn meg no vegen din, så eg kan læra deg å kjenna og finna nåde hos deg. Kom i hug at dette er ditt folk!»

14. Han svara: «Andletet mitt skal gå med, og eg skal la deg få ro.»

15. Då sa Moses: «Dersom ikkje andletet ditt går med, må du ikkje føra oss opp herifrå!

16. Korleis kan ein elles vita at eg og folket ditt har funne nåde for auga dine, dersom du ikkje går med oss? Slik skal eg og folket ditt bli skilt ut frå alle andre folk på jorda.»

17. Då sa Herren til Moses: «Også dette som du bed om, vil eg gjera, for du har funne nåde for auga mine, og eg kjenner deg ved namn.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 33