Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 33:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses: «Dra bort herifrå, både du og folket du har ført opp frå Egypt, til det landet som eg med eid lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Til di ætt vil eg gje det.

2. Eg vil senda ein engel framfor deg og driva ut kanaanearane, amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane.

3. Dra opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje dra opp med deg, for du er eit stivnakka folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.»

4. Då folket høyrde desse harde orda, sørgde dei, og ingen tok smykke på seg.

5. Men Herren sa til Moses: «Sei til israelittane: De er eit stivnakka folk. Om eg berre ein augneblink dreg opp saman med deg, måtte eg gjera ende på deg. Legg no smykka bort, så eg kan vita kva eg skal gjera med deg!»

6. Frå då av, ved fjellet Horeb, la israelittane bort smykka sine.

7. Moses brukte å ta teltet og slå det opp eit godt stykke utanfor leiren. Han kalla det teltheilagdomen. Alle som ville spørja Herren til råds, gjekk til dette teltet utanfor leiren.

8. Kvar gong Moses gjekk ut til teltet, reiste heile folket seg og vart ståande ved inngangen til kvart sitt telt. Dei såg etter Moses til han var komen inn i teltet.

9. Og når Moses var komen inn i teltet, kom skysøyla ned og vart ståande ved inngangen til teltet, og han tala til Moses.

10. Når folket såg skysøyla stå ved inngangen til teltet, reiste dei seg alle saman, bøygde seg og tilbad, kvar ved si teltopning.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 33