Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 32:8-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Dei har alt bøygd av frå den vegen eg påla dei å følgja. Dei har laga seg ein støypt kalv, kasta seg ned for han, ofra til han og sagt: Dette er guden din, Israel, som førte deg opp frå Egypt!»

9. Og Herren heldt fram: «Eg har halde auge med dette folket, og sjå, det er eit stivnakka folk!

10. Bland deg no ikkje inn, for vreiden min skal flamma opp mot dei og fortæra dei. Men deg vil eg gjera til eit stort folk.»

11. Då bad Moses om velvilje for Herren sin Guds andlet. Han sa: «Herre, kvifor skal vreiden din flamma opp mot folket ditt, som du har ført ut frå Egypt med stor kraft og sterk hand?

12. Kvifor skal egyptarane få seia: Det var med vond vilje han førte dei ut, for å drepa dei i fjella og utrydda dei frå jorda. Vend om frå din brennande vreide, og lat vera å gjera vondt mot folket ditt!

13. Kom i hug tenarane dine Abraham, Isak og Israel og det du sa til dei då du svor ved deg sjølv: Eg vil gjera dykk til ei ætt så talrik som stjernene på himmelen, og heile dette landet som eg har tala om, vil eg gje ætta dykkar; dei skal eiga det til evig tid.»

14. Då angra Herren på det vonde han hadde sagt han ville gjera mot folket sitt.

15. Så gjekk Moses tilbake, ned frå fjellet, med vitnemålet, dei to tavlene, i handa. Det var skrive på begge sider av tavlene, både på framsida og på baksida.

16. Tavlene var Guds eige verk, og skrifta var Guds eiga skrift, rissa inn på tavlene.

17. Då Josva høyrde korleis folket ropa og skreik, sa han til Moses: «Det er krigslarm i leiren.»

18. Moses svara:«Dette er ikkje lyden av sigerssongog ikkje lyden av klagesong;det er lyden av ein annan slags song eg høyrer.»

19. Då Moses nærma seg leiren og fekk sjå gullkalven og dansen, flamma sinnet slik opp i han at han kasta tavlene frå seg og knuste dei mot fjellet.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 32