Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 32:25-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Moses såg kor ustyrleg folket var fordi Aron ikkje klarte å styra dei. Dei hadde vorte til spott for motstandarane sine.

26. Då stilte Moses seg i porten til leiren og ropa: «Kom over til meg, alle som er på Herrens side!» Då samla alle levittane seg om han.

27. Og han sa til dei: «Så seier Herren, Israels Gud: Spenn sverdet på dykk, kvar og ein! Gå att og fram i leiren, frå port til port, og slå i hel brør, vener og slektningar!»

28. Levittane gjorde som Moses sa, og den dagen fall det omkring tre tusen mann av folket.

29. Då sa Moses: «I dag har de vorte vigde til Herren, for de har vendt dykk mot dykkar eigne søner og brør. Difor vil han gje dykk si velsigning i dag.»

30. Dagen etter sa Moses til folket: «De har gjort ei stor synd. Men no vil eg gå opp til Herren, kanskje kan eg skaffa soning for synda dykkar.»

31. Så gjekk Moses tilbake til Herren og sa: «Dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull.

32. Tilgjev no syndene deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut av boka du skriv i!»

33. Då svara Herren: «Den som syndar mot meg, stryk eg ut av boka mi.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 32