Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 32:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då folket såg at Moses drygde med å koma ned frå fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud til oss som kan gå føre oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses, mannen som førte oss opp frå Egypt.»

2. Aron sa til dei: «Ta gullringane av øyra på konene, sønene og døtrene dykkar og kom med dei til meg!»

3. Då tok heile folket av seg gullringane som dei hadde i øyra, og kom til Aron med dei.

4. Han tok imot gullet, forma det med meisel og støypte ein kalv. Så ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!»

5. Då Aron såg det, bygde han eit altar framfor kalven og ropa ut: «I morgon er det fest for Herren!»

6. Dagen etter stod folket tidleg opp og ofra brennoffer og bar fram fredsoffer. Dei sette seg ned for å eta og drikka, og så byrja dei å mora seg.

7. Då sa Herren til Moses: «Skund deg ned, for folket ditt, som du førte opp frå Egypt, har gjort noko forferdeleg.

8. Dei har alt bøygd av frå den vegen eg påla dei å følgja. Dei har laga seg ein støypt kalv, kasta seg ned for han, ofra til han og sagt: Dette er guden din, Israel, som førte deg opp frå Egypt!»

9. Og Herren heldt fram: «Eg har halde auge med dette folket, og sjå, det er eit stivnakka folk!

10. Bland deg no ikkje inn, for vreiden min skal flamma opp mot dei og fortæra dei. Men deg vil eg gjera til eit stort folk.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 32