Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 31:8-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. bordet med det som høyrer til, lysestaken i reint gull med alt som høyrer til, røykjelsesaltaret,

9. brennofferaltaret med alt som høyrer til det, vaskefatet med understell,

10. prestedrakta, dei heilage kleda for presten Aron og kleda for sønene hans til prestetenesta,

11. salvingsoljen og den velluktande røykjelsen til heilagdomen. Dei skal gjera alt slik eg har pålagt deg.

12. Herren sa til Moses:

13. Du skal seia til israelittane: Sabbatane mine skal de halda; for sabbaten er eit teikn mellom meg og dykk i slekt etter slekt, slik at de skal kjenna at det er eg, Herren, som helgar dykk.

14. De skal halda sabbaten; han skal vera heilag for dykk. Den som vanhelgar sabbaten, skal døy. Kvar den som gjer noko arbeid på han, skal støytast ut frå folket sitt.

15. I seks dagar kan arbeid gjerast, men den sjuande dagen skal vera sabbat, ein heilag kviledag for Herren. Kvar den som gjer noko arbeid på sabbatsdagen, skal døy.

16. Israelittane skal verna om sabbaten, så dei held han i slekt etter slekt som ei evig pakt.

17. Han skal vera eit teikn mellom meg og israelittane til evig tid. For på seks dagar skapte Herren himmelen og jorda, men på den sjuande dagen kvilte han og pusta roleg ut.

18. Då Herren var ferdig med å tala til Moses på Sinai-fjellet, gav han Moses dei to vitnemålstavlene, steintavlene som var skrivne med Guds finger.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 31