Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 29:9-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. spenna beltet om kvar av dei, både Aron og sønene hans, og setja turbanane på dei. Prestedømet skal høyra dei til som ei evig ordning. Så skal du innsetja Aron og sønene hans.

10. Du skal føra oksen til framsida av teltheilagdomen, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet til oksen.

11. Du skal slakta oksen for Herrens andlet ved inngangen til teltheilagdomen.

12. Noko av okseblodet skal du ta og stryka på altarhorna med fingeren. Resten av blodet skal du hella ut ved foten av altaret.

13. Så skal du ta alt feittet som dekkjer innvolane og leverlappen, og begge nyrene med feittet som er på dei, og la det gå opp i røyk på altaret.

14. Men kjøtet og huda av oksen og mageinnhaldet skal du brenna opp utanfor leiren. Det er eit syndoffer.

15. Så skal du ta den eine vêren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet til vêren.

16. Du skal slakta han og ta blodet og stenka det rundt om på altaret.

17. Sjølve vêren skal du dela opp. Innvolane og leggbeina skal du vaska og leggja oppå stykka og hovudet.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 29