Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 29:32-45 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Og Aron og sønene hans skal eta kjøtet av vêren og brødet i korga ved inngangen til teltheilagdomen.

33. Dei skal eta dette soningsofferet når dei blir innsette og helga til prestar. Ingen uvigsla må eta av det; for det er heilagt.

34. Blir det noko att av vigslingskjøtet og brødet til neste morgon, skal du brenna det opp. Det må ikkje etast, for det er heilagt.

35. Slik skal du gjera med Aron og sønene hans, nett slik eg har sagt deg føre. Sju dagar skal vigsla vara.

36. Kvar dag skal du gjera i stand ein okse som syndoffer til soning. Du skal reinsa altaret for synd ved å gjera soning for det, og du skal salva det så det blir heilagt.

37. Sju dagar skal du gjera soning for altaret og helga det så det blir høgheilagt. Kvar den som rører ved det, blir heilag.

38. Og dette skal du gjera i stand på altaret: to årsgamle lam, kvar dag i all framtid.

39. Det eine lammet skal du ofra om morgonen, og det andre lammet skal du ofra i skumringa.

40. Saman med det første lammet skal du ofra ein tiandedels efa fint mjøl, blanda med ein fjerdedels hin pressa olje, og som drikkoffer ein fjerdedels hin vin.

41. Det andre lammet skal du ofra i skumringa. Saman med det skal du bera fram grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.

42. I alle slekter skal dette vera eit dagleg brennoffer for Herrens andlet ved inngangen til teltheilagdomen. Der vil eg møta dykk, og der vil eg tala til deg.

43. Der vil eg møta israelittane, og staden skal bli helga av min herlegdom.

44. Både teltheilagdomen og altaret vil eg helga, og Aron og sønene hans vil eg helga til prestar for meg.

45. Så vil eg bu midt iblant israelittane og vera deira Gud.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 29