Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 29:19-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Deretter skal du ta den andre vêren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet til vêren.

20. Du skal slakta vêren og ta noko av blodet og stryka på Aron og sønene hans, på høgre øyreflipp, høgre tommelfinger og høgre stortå. Resten av blodet skal du stenka rundt om på altaret.

21. Ta så noko av blodet på altaret og noko av salvingsoljen og skvett det på Aron og kleda hans og på sønene hans og kleda deira. Då blir både han og kleda heilage, like eins sønene og kleda deira.

22. Så skal du ta feittet på vêren, det feitaste av halen, feittet rundt innvolane, leverlappen, begge nyrene med feittet som er på dei, og det høgre låret. For dette er ein vigslingsvêr.

23. Frå korga med usyra brød som står for Herrens andlet, skal du ta eit rundt brød, ei oljekake og eit flatt brød.

24. Alt dette skal du leggja i hendene på Aron og sønene hans og la dei svinga det som eit svingeoffer framfor Herrens andlet.

25. Ta det så frå hendene deira og lat det gå opp i røyk på altaret saman med brennofferet, til godange for Herren. Det er eit gåveoffer for Herren.

26. Så skal du ta brystet av vigslingsvêren til Aron og svinga det for Herrens andlet. Det skal vera din del.

27. Du skal helga brystet og offerlåret som blir svinga. Det er ein vigslingsvêr for Aron og sønene hans.

28. Dette skal høyra til Aron og sønene hans som ei evig ordning hos israelittane. For det er ei offergåve, ei gåve som israelittane skal gje av fredsoffera sine, ei gåve frå dei til Herren.

29. Arons heilage klede skal sønene hans ta over etter han. Dei skal ha kleda på seg når dei blir salva og innsette.

30. Den av sønene hans som blir prest etter han, skal ha kleda på i sju dagar. Han skal ha dei på når han kjem til teltheilagdomen for å gjera teneste der.

31. Du skal ta vigslingsvêren og koka kjøtet på ein heilag stad.

32. Og Aron og sønene hans skal eta kjøtet av vêren og brødet i korga ved inngangen til teltheilagdomen.

33. Dei skal eta dette soningsofferet når dei blir innsette og helga til prestar. Ingen uvigsla må eta av det; for det er heilagt.

34. Blir det noko att av vigslingskjøtet og brødet til neste morgon, skal du brenna det opp. Det må ikkje etast, for det er heilagt.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 29