Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 29:11-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Du skal slakta oksen for Herrens andlet ved inngangen til teltheilagdomen.

12. Noko av okseblodet skal du ta og stryka på altarhorna med fingeren. Resten av blodet skal du hella ut ved foten av altaret.

13. Så skal du ta alt feittet som dekkjer innvolane og leverlappen, og begge nyrene med feittet som er på dei, og la det gå opp i røyk på altaret.

14. Men kjøtet og huda av oksen og mageinnhaldet skal du brenna opp utanfor leiren. Det er eit syndoffer.

15. Så skal du ta den eine vêren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet til vêren.

16. Du skal slakta han og ta blodet og stenka det rundt om på altaret.

17. Sjølve vêren skal du dela opp. Innvolane og leggbeina skal du vaska og leggja oppå stykka og hovudet.

18. Lat heile vêren gå opp i røyk på altaret. Det er eit brennoffer for Herren, eit gåveoffer til godange for Herren.

19. Deretter skal du ta den andre vêren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet til vêren.

20. Du skal slakta vêren og ta noko av blodet og stryka på Aron og sønene hans, på høgre øyreflipp, høgre tommelfinger og høgre stortå. Resten av blodet skal du stenka rundt om på altaret.

21. Ta så noko av blodet på altaret og noko av salvingsoljen og skvett det på Aron og kleda hans og på sønene hans og kleda deira. Då blir både han og kleda heilage, like eins sønene og kleda deira.

22. Så skal du ta feittet på vêren, det feitaste av halen, feittet rundt innvolane, leverlappen, begge nyrene med feittet som er på dei, og det høgre låret. For dette er ein vigslingsvêr.

23. Frå korga med usyra brød som står for Herrens andlet, skal du ta eit rundt brød, ei oljekake og eit flatt brød.

24. Alt dette skal du leggja i hendene på Aron og sønene hans og la dei svinga det som eit svingeoffer framfor Herrens andlet.

25. Ta det så frå hendene deira og lat det gå opp i røyk på altaret saman med brennofferet, til godange for Herren. Det er eit gåveoffer for Herren.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 29