Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 29:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Slik skal du gjera med dei når du helgar dei til prestar for meg: Ta ein ung okse og to vêrar utan feil,

2. og usyra brød, runde usyra kaker blanda med olje, og usyra flate brød smurde med olje; dei skal du laga av fint kveitemjøl.

3. Du skal leggja dei i ei korg, og så skal du bera dei fram i korga, saman med oksen og dei to vêrane.

4. Aron og sønene hans skal du føra fram til inngangen til teltheilagdomen og vaska dei med vatn.

5. Du skal ta kleda og kle Aron i kjortelen, kappa, efod-drakta og bryststykket, og binda efod-beltet om han.

6. Set turbanen på hovudet hans, og fest det heilage diademet på turbanen.

7. Så skal du ta salvingsoljen og hella ut over hovudet hans og salva han.

8. Deretter skal du føra fram sønene hans. Du skal kle dei i kjortlane,

9. spenna beltet om kvar av dei, både Aron og sønene hans, og setja turbanane på dei. Prestedømet skal høyra dei til som ei evig ordning. Så skal du innsetja Aron og sønene hans.

10. Du skal føra oksen til framsida av teltheilagdomen, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet til oksen.

11. Du skal slakta oksen for Herrens andlet ved inngangen til teltheilagdomen.

12. Noko av okseblodet skal du ta og stryka på altarhorna med fingeren. Resten av blodet skal du hella ut ved foten av altaret.

13. Så skal du ta alt feittet som dekkjer innvolane og leverlappen, og begge nyrene med feittet som er på dei, og la det gå opp i røyk på altaret.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 29