Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 28:2-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Og du skal laga heilage klede til bror din Aron, til ære og prydnad.

3. Så skal du seia til alle som har visdom i hjartet, og som eg har fylt med visdomsånd, at dei skal laga kleda til Aron, så han kan bli helga til presteteneste for meg.

4. Desse kleda skal dei laga: eit bryststykke, ei efod-drakt, ei kappe, ein rutete kjortel, ein turban og eit belte. Dette er dei heilage kleda som dei skal laga til bror din Aron og sønene hans, så dei kan vera prestar for meg.

5. Til dette skal dei bruka gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint lin.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 28