Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 28:17-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. På bryststykket skal du setja fire rader med steinar i innfatning. I den eine rada skal det vera ein rubin, ein topas og ein smaragd,

18. i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant,

19. i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst

20. og i den fjerde rada ein krysolitt, ein onyks og ein jade. Dei skal setjast i innfatningar av gull.

21. Dei tolv steinane skal bera namna på Israels søner, ein for kvart namn. På kvar stein skal namnet på ein av dei tolv stammane vera inngravert, slik som i eit signet.

22. Til bryststykket skal du laga kjeder av reint gull. Dei skal vera fletta slik ein flettar snorer.

23. Du skal òg laga to gullringar til bryststykket og setja dei i kvart sitt hjørne.

24. Så skal du festa dei to gullsnorene i dei to ringane i hjørna av bryststykket.

25. Dei andre to endane av gullsnorene skal du festa i dei to innfatningane, og dei skal du setja på akslebanda til efoden, på framsida.

26. Så skal du laga to gullringar til og setja dei i dei to andre hjørna av bryststykket, ved den indre kanten som vender inn mot efod-drakta.

27. Endå to gullringar skal du laga. Dei skal du setja nedst på dei to akslebanda på framsida, ved saumen over beltet på efoden.

28. Ringane på brystduken skal du binda til ringane på efoden med ei purpurblå snor, slik at bryststykket blir sitjande over beltet og ikkje losnar frå drakta.

29. Når Aron går inn i heilagdomen, skal han ved hjartet sitt bera namna til Israels søner på bryststykket for domsavgjerder. Det skal vera som ei stadig påminning om dei framfor Herrens andlet.

30. I bryststykket skal du leggja urim og tummim. Dei skal liggja ved hjartet til Aron når han stig fram for Herren. Aron skal alltid bera domsavgjerdene for Israels søner innved hjartet sitt for Herrens andlet.

31. Kappa som høyrer til efod-drakta, skal vera einsfarga purpurblå.

32. Midt på henne skal det vera ei opning for hovudet med ein voven kant rundt. Ho skal vera som opninga på ei brynje, slik at ho ikkje rivnar.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 28