Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 27:8-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Altaret skal vera holt og laga av treplankar. Det skal lagast slik det vart synt deg på fjellet.

9. Du skal laga ein føregard til bustaden. Mot sør, på sørsida av føregarden, skal det vera eit omheng av fint, tvinna lin. Det skal vera hundre alner langt på denne sida,

10. med tjue søyler og tjue soklar av bronse og hakar og band av sølv.

11. Like eins skal det vera eit hundre alner langt omheng på nordsida, med tjue søyler og tjue soklar av bronse og hakar og band av sølv.

12. Langs den tverrsida av føregarden som vender mot vest, skal det vera eit omheng på femti alner, med ti søyler og ti soklar.

13. Austsida, den tverrsida som vender mot aust, skal òg vera femti alner lang.

14. Der skal det vera eit femten alner langt omheng på den eine sida, med tre søyler og tre soklar,

15. og på den andre sida eit femten alner langt omheng, med tre søyler og tre soklar.

16. I porten til føregarden skal det vera eit forheng i farga vevnad, av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. Det skal vera tjue alner langt, med fire søyler og fire soklar.

17. Alle søylene rundt føregarden skal vera feste saman med sølvband og sølvhakar og soklar av bronse.

18. Føregarden skal vera hundre alner lang, femti alner brei på begge sider og fem alner høg. Omhenget skal vera av fint, tvinna lin og soklane av bronse.

19. Alt utstyret som skal brukast til tenesta i bustaden, og alle pluggane, både til teltet og til føregarden, skal vera av bronse.

20. Du skal gje israelittane påbod om å skaffa deg rein olje av knust oliven til lampene, så det alltid kan tennast lys.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 27