Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 26:27-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. fem tverrstenger til plankane på den andre sida og fem tverrstenger til plankane på baksida av bustaden, mot vest.

28. Midtstonga, ho som står midt på plankane, skal gå tvers over, frå den eine enden til den andre.

29. Du skal kle plankane med gull, og ringane på dei, som skal vera haldarar for tverrstengene, skal du like eins laga av gull. Tverrstengene skal du òg kle med gull.

30. Så skal du reisa bustaden etter den forskrifta som vart synt deg på fjellet.

31. Du skal laga eit forheng av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. Du skal laga det som kunstvevnad, med kjerubar.

32. Du skal hengja det opp på fire gullkledde søyler av akasietre som det er gullhakar på, og som står på fire soklar av sølv.

33. Rett under krokane skal du hengja det, og innanfor forhenget skal du setja kista med vitnemålet. Forhenget skal setja eit skilje mellom Det heilage og Det høgheilage.

34. Du skal leggja soningsstaden som lok på kista med vitnemålet i Det høgheilage.

35. Bordet skal du setja utanfor forhenget ved nordveggen. Lysestaken skal stå ved sørsida av bustaden, rett mot bordet.

36. Du skal laga eit teppe for inngangen til teltet. Det skal vera av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin, alt i farga vevnad.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 26