Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 26:12-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Den overskytande delen av dukane, den halve duken som blir til overs, skal hanga ned på baksida av bustaden.

13. Og den eine alna som teltdukane er for lange på kvar side, skal hanga ned på begge sider av bustaden og dekkja han.

14. Og over teltet skal du laga eit dekke av raudfarga vêrskinn, og over det att eit anna dekke av fingarva skinn.

15. Plankane til bustaden skal du laga av akasietre. Dei skal stå loddrett.

16. Kvar planke skal vera ti alner lang og ei og ei halv alen brei.

17. På kvar planke skal det vera to tappar som er tilpassa kvarandre. Slik skal du laga alle plankane til bustaden.

18. Tjue av dei plankane du lagar, skal stå på sørsida, mot sør.

19. Til dei tjue plankane skal du laga førti soklar av sølv, to soklar under kvar planke til å festa dei to tappane i.

20. På den andre sida av bustaden, på nordsida, skal det òg vera tjue plankar

21. med førti soklar av sølv, to under kvar planke.

22. Til baksida av bustaden, mot vest, skal du laga seks plankar,

23. og i tillegg to plankar, ein til kvart hjørne på baksida av bustaden.

24. Dei skal vera doble nedst og øvst og gå saman i éin ring. Slik skal det vera med dei begge; dei skal utgjera dei to hjørna.

25. Slik blir det åtte plankar og seksten soklar av sølv, to soklar til kvar planke.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 26