Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 26:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Du skal laga bustaden av ti teltdukar. Dei skal vera av fint, tvinna lin og purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff. I dukane skal du veva inn kjerubar i kunstvevnad.

2. Kvar duk skal vera tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane skal ha same mål.

3. Fem av teltdukane skal syast i hop til eitt stykke, og like eins dei andre fem dukane.

4. Du skal laga purpurblå hemper langs kanten av den duken som er ytst på det eine samansydde stykket, og like eins langs kanten av den ytste duken på det andre stykket.

5. Femti hemper skal du laga på den eine teltduken, og femti hemper i kanten av duken på det andre stykket. Hempene skal sitja rett mot kvarandre.

6. Og du skal laga femti krokar av gull. Med dei skal du hekta dukane saman så bustaden blir ein heilskap.

7. Du skal laga dukar av geiteragg til eit telt over bustaden. Elleve slike dukar skal du laga.

8. Kvar duk skal vera tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane skal ha same mål.

9. Fem av dukane skal du festa i hop for seg, og seks for seg. Den sjette duken, på framsida av teltet, skal du leggja dobbelt.

10. I kanten av den duken som er ytst på det eine samansydde stykket, skal du laga femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper.

11. Og du skal laga femti krokar av bronse og hekta dei i hempene. Slik skal du festa teltet saman til ein heilskap.

12. Den overskytande delen av dukane, den halve duken som blir til overs, skal hanga ned på baksida av bustaden.

13. Og den eine alna som teltdukane er for lange på kvar side, skal hanga ned på begge sider av bustaden og dekkja han.

14. Og over teltet skal du laga eit dekke av raudfarga vêrskinn, og over det att eit anna dekke av fingarva skinn.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 26