Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 25:29-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Til bordet skal du laga fat og skåler, kanner og bollar til drikkofferet. Av reint gull skal du laga dei.

30. Syt for at det alltid ligg skodebrød på bordet framfor andletet mitt!

31. Du skal laga ein lysestake av reint gull. Lysestaken med fot og stamme og skålene med knoppar og blomar skal hamrast ut av eitt stykke.

32. Seks armar skal gå ut frå lysestaken, tre på den eine sida og tre på den andre sida.

33. På den første armen skal det vera tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom; på den neste armen skal det vera tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom. Slik skal det vera på alle dei seks armane som går ut frå lysestaken.

34. På sjølve staken skal det vera fire mandelforma skåler med knoppar og blomar.

35. Det skal vera ein knopp under det første armparet, ein under det andre og ein under det tredje, det vil seia under alle dei seks armane som går ut frå lysestaken.

36. Knoppane og armane skal gå i eitt med staken. Det heile skal hamrast ut av eitt stykke reint gull.

37. Du skal laga sju lamper til lysestaken. Du skal setja dei opp slik at dei kastar lys rett framfor staken.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 25