Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 25:19-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. ein kjerub på den eine sida og ein kjerub på den andre sida. De skal laga dei slik at dei går i eitt med soningsstaden i begge endar.

20. Kjerubane skal lyfta vengene og breia dei utover slik at dei dekkjer soningsstaden. Kjerubane skal vera vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden.

21. Så skal du leggja soningsstaden som lok på kista, og i kista skal du leggja vitnemålet eg skal gje deg.

22. Der vil eg møta deg. Alt det eg pålegg deg å seia til israelittane, vil eg seia deg frå soningsstaden mellom dei to kjerubane som er over kista med vitnemålet.

23. Du skal laga eit bord av akasietre, to alner langt, ei alen breitt og ei og ei halv alen høgt.

24. Du skal kle det med reint gull og laga ein gullkant rundt det.

25. Så skal du laga ei list til bordet. Ho skal vera ei handsbreidd tjukk og gå heilt rundt. Rundt lista skal du laga ein gullkant.

26. Du skal laga fire gullringar til bordet og setja ringane i dei fire hjørna ved dei fire føtene.

27. Ringane skal vera inntil lista. Dei skal vera haldarar for stengene som er til å bera bordet med.

28. Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull. Med dei skal bordet berast.

29. Til bordet skal du laga fat og skåler, kanner og bollar til drikkofferet. Av reint gull skal du laga dei.

30. Syt for at det alltid ligg skodebrød på bordet framfor andletet mitt!

31. Du skal laga ein lysestake av reint gull. Lysestaken med fot og stamme og skålene med knoppar og blomar skal hamrast ut av eitt stykke.

32. Seks armar skal gå ut frå lysestaken, tre på den eine sida og tre på den andre sida.

33. På den første armen skal det vera tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom; på den neste armen skal det vera tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom. Slik skal det vera på alle dei seks armane som går ut frå lysestaken.

34. På sjølve staken skal det vera fire mandelforma skåler med knoppar og blomar.

35. Det skal vera ein knopp under det første armparet, ein under det andre og ein under det tredje, det vil seia under alle dei seks armane som går ut frå lysestaken.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 25