Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 25:10-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. De skal laga ei kiste av akasietre, to og ei halv alen lang, ei og ei halv alen brei og ei og ei halv alen høg.

11. Du skal kle henne med reint gull både innvendig og utvendig og laga ein gullkant rundt henne.

12. Du skal støypa fire gullringar og festa dei i dei fire hjørna, to ringar på den eine sida og to ringar på den andre sida.

13. Du skal laga berestenger av akasietre og kle dei med gull,

14. og stikka stengene inn i ringane på begge sider slik at de kan bera kista med dei.

15. Stengene skal alltid vera i ringane på kista; dei må aldri takast ut.

16. I kista skal du leggja vitnemålet som eg vil gje deg.

17. Du skal laga ein soningsstad av reint gull, to og ei halv alen lang og ei og ei halv alen brei.

18. På kvar side av soningsstaden skal du laga to kjerubar av hamra gull,

19. ein kjerub på den eine sida og ein kjerub på den andre sida. De skal laga dei slik at dei går i eitt med soningsstaden i begge endar.

20. Kjerubane skal lyfta vengene og breia dei utover slik at dei dekkjer soningsstaden. Kjerubane skal vera vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden.

21. Så skal du leggja soningsstaden som lok på kista, og i kista skal du leggja vitnemålet eg skal gje deg.

22. Der vil eg møta deg. Alt det eg pålegg deg å seia til israelittane, vil eg seia deg frå soningsstaden mellom dei to kjerubane som er over kista med vitnemålet.

23. Du skal laga eit bord av akasietre, to alner langt, ei alen breitt og ei og ei halv alen høgt.

24. Du skal kle det med reint gull og laga ein gullkant rundt det.

25. Så skal du laga ei list til bordet. Ho skal vera ei handsbreidd tjukk og gå heilt rundt. Rundt lista skal du laga ein gullkant.

26. Du skal laga fire gullringar til bordet og setja ringane i dei fire hjørna ved dei fire føtene.

27. Ringane skal vera inntil lista. Dei skal vera haldarar for stengene som er til å bera bordet med.

28. Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull. Med dei skal bordet berast.

29. Til bordet skal du laga fat og skåler, kanner og bollar til drikkofferet. Av reint gull skal du laga dei.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 25