Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 25:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses:

2. Sei til israelittane at dei skal koma med ei offergåve til meg. De skal ta imot gåve frå kvar den som gjev av eit villig hjarte.

3. Dette er gåvene de skal ta imot frå dei: gull, sølv og bronse,

4. purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff, tøy av fint lin og geiteragg,

5. raudfarga vêrskinn, andre fingarva skinn og akasietre,

6. olje til lampene, krydra balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen,

7. onyks-stein og andre steinar til å setja på efod-drakta og bryststykket.

8. Lat dei reisa ein heilagdom for meg, så vil eg bu midt iblant dei.

9. Denne bustaden og alt det som høyrer til i han, skal de laga nøyaktig etter den modellen eg viser deg.

10. De skal laga ei kiste av akasietre, to og ei halv alen lang, ei og ei halv alen brei og ei og ei halv alen høg.

11. Du skal kle henne med reint gull både innvendig og utvendig og laga ein gullkant rundt henne.

12. Du skal støypa fire gullringar og festa dei i dei fire hjørna, to ringar på den eine sida og to ringar på den andre sida.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 25