Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 24:6-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Moses tok halvparten av blodet og helte det i skåler; den andre halvparten stenka han på altaret.

7. Så tok han paktboka og las henne høgt for folket, og dei sa: «Vi vil vera lydige og gjera alt Herren har sagt.»

8. Då tok Moses blodet, stenka det på folket og sa: «Sjå, dette er paktblodet, den pakta Herren har gjort med dykk på grunnlag av alle desse orda.»

9. Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel gjekk då opp

10. og fekk sjå Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safir, klårt som himmelen sjølv.

11. Men mot Israels fremste menn lyfte han ikkje handa. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.

12. Sidan sa Herren til Moses: «Kom opp til meg på fjellet og bli der, så skal eg gje deg steintavlene, lova og boda som eg har skrive ned for å rettleia folket.»

13. Då drog Moses i veg med Josva, tenaren sin. Og Moses gjekk opp på Guds fjell.

14. Til dei eldste sa han: «Vent på oss her til vi kjem att! De har Aron og Hur hos dykk. Er det nokon som har ei sak, kan han gå til dei.»

15. Så gjekk Moses opp på fjellet, og skya dekte fjellet.

16. Herrens herlegdom kvilte over Sinai-fjellet, og skya dekte det i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren på Moses frå skya.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 24