Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 23:15-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Du skal halda høgtida med usyra brød. I sju dagar skal du eta usyra brød, slik eg har bode deg, til fastsett tid, i månaden abib, for det var då du drog ut frå Egypt. Ingen må visa seg tomhendt for mitt andlet.

16. Du skal òg halda festen for kornhausten, når du haustar inn førstegrøda av det du sådde på marka, og festen for innhaustinga ved utgangen av året, når du haustar inn frukta av arbeidet ditt på marka.

17. Tre gonger om året skal alle mennene hos deg stiga fram for Herren over alle Herrar.

18. Du skal ikkje ofra blodet av slaktofferet mitt saman med noko som er syra, og feittet av høgtidsofferet mitt må ikkje liggja natta over til neste morgon.

19. Det beste av førstegrøda frå jorda di skal du koma med til huset åt Herren din Gud.Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.

20. Sjå, eg sender ein engel føre deg for å ta vare på deg på vegen og føra deg til den staden som eg har gjort i stand.

21. Legg merke til han og lyd han! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje bera over med syndene dykkar, for namnet mitt er i han.

22. Men høyrer du på det han seier og gjer alt det eg byd deg, då vil eg vera ein fiende for dine fiendar og ein motstandar for dine motstandarar.

23. For engelen min skal gå framfor deg og føra deg til amorittane og hetittane, perisittane og kanaanearane, hevittane og jebusittane, og eg vil utsletta dei.

24. Du skal ikkje tilbe gudane deira og ikkje la deg lokka til å dyrka dei. Du skal ikkje gjera som dei, men du skal riva steinstøttene deira ned til grunnen og slå dei sund.

25. De skal tena Herren dykkar Gud. Då vil han velsigna brødet ditt og vatnet ditt. Sjukdom vil eg halda borte frå deg.

26. Inga kvinne i landet ditt skal mista barn eller vera ufruktbar. Eg skal fylla ditt mål av dagar.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 23