Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 23:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Du skal ikkje setja ut falske rykte. Gjev ikkje handslag til den som er skuldig, så du blir eit urettferdig vitne!

2. Du skal ikkje følgja fleirtalet i det som er vondt! Når du vitnar i ei rettssak, skal du ikkje gje etter for fleirtalet så du vrengjer retten.

3. Du skal ikkje gje den svake parten føremoner i ei rettssak.

4. Når du kjem over ein okse eller eit esel som høyrer fienden din til, og som har gått seg vill, skal du føra dyret tilbake til han.

5. Når du ser at eselet til uvenen din segnar under børa, må du ikkje gå din veg. Du skal hjelpa han med det.

6. Du skal ikkje vrengja retten for den fattige i ei rettssak.

7. Hald deg borte frå falske klagemål. Ein skuldfri og ein rettferdig må du ikkje slå i hel, for eg vil ikkje frikjenna den som er skuldig.

8. Du skal ikkje ta imot stikkpengar! For slike gåver gjer den klårsynte blind og øydelegg saka for den rettferdige.

9. Du skal ikkje undertrykkja ein innflyttar! De veit korleis det kjennest å vera innflyttar, for de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.

10. Seks år skal du så til jorda di og hausta det ho ber.

11. Men det sjuande året skal du la henne liggja brakk og kvila, så dei fattige i folket ditt kan livnæra seg av henne. Og det som blir att, kan villdyra eta. Det same skal du gjera med vinmarkene og oliventrea dine.

12. Seks dagar skal du gjera arbeidet ditt. Men den sjuande dagen skal du kvila, så oksen din og eselet ditt kan få ro og sonen til slavekvinna og innflyttaren kan få koma til krefter.

13. Alt det eg har sagt dykk, skal de halda. De skal ikkje nemna namnet på andre gudar; det må ikkje høyrast frå din munn.

14. Tre gonger om året skal du feira høgtid for meg.

15. Du skal halda høgtida med usyra brød. I sju dagar skal du eta usyra brød, slik eg har bode deg, til fastsett tid, i månaden abib, for det var då du drog ut frå Egypt. Ingen må visa seg tomhendt for mitt andlet.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 23