Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 22:3-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Men skjer det etter at sola har runne, blir det rekna som blodskuld.Ein tjuv skal gje full skadebot. Eig han ingenting, skal han seljast som vederlag for det han har stole.

4. Dersom det som er stole, endå finst i live hos han, anten det er ein okse, eit esel eller eit lam, skal han gje dobbel skadebot.

5. Når nokon lèt feet sitt beita på ein åker eller ei vinmark, og han slepper feet laus så det kjem over på ein annan manns åker og beiter der, då skal han som vederlag gje det beste frå eigen åker og eiga vinmark.

6. Når det bryt ut eld og han spreier seg til tornekrattet slik at korn i stakk eller korn på strå eller heile åkeren brenn opp, då skal den som er skuld i brannen, gje full skadebot.

7. Det kan henda at nokon lèt ein annan ta vare på pengar eller eigedelar for seg, og at dette blir stole frå huset hans. Dersom tjuven blir funnen, skal han gje dobbelt vederlag.

8. Men dersom tjuven ikkje blir funnen, skal huseigaren førast fram for Gud, så det kan avgjerast om han har strekt handa si ut etter det som høyrer nesten til.

9. I alle saker om lovbrot, anten det gjeld ein okse, eit esel, ein sau, klede eller ting som er komne på avvegar, der nokon seier: «Det var han», skal saka mellom dei to koma fram for Gud. Og den som Gud dømmer skuldig, skal gje nesten sin dobbelt vederlag.

10. Det kan henda at nokon lèt ein annan ta vare på eit esel, ein okse, eit lam eller eit anna dyr, og at det så døyr eller kjem til skade eller blir fanga utan at nokon ser det.

11. Då skal saka mellom dei to avgjerast gjennom at han sver ved Herren at han ikkje har strekt handa ut etter det som høyrer nesten til. Eigaren skal godta dette, og den andre skal ikkje gje han vederlag.

12. Men er dyret stole frå han, skal han gje eigaren fullt vederlag.

13. Er det rive i hel, skal han visa det fram som prov. Han skal ikkje gje vederlag for det som er ihelrive.

14. Når nokon låner eit dyr av nesten sin, og det kjem til skade eller døyr utan at eigaren var til stades, skal han gje fullt vederlag.

15. Men var eigaren til stades, skal han ikkje gje vederlag. Var dyret leigd, skal han likevel ha leiga.

16. Når ein mann forfører ei jomfru som ikkje er lova bort, og ligg med henne, då skal han betala brureprisen og ta henne til kone.

17. Men nektar faren å gje henne bort til han, skal han betala ein sum som svarar til brureprisen for ei jomfru.

18. Ei trollkvinne skal du ikkje la leva.

19. Den som ligg med dyr, skal døy.

20. Den som ofrar til andre gudar og ikkje til Herren åleine, skal bli slegen med bann og utsletta.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 22