Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 22:21-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Du skal ikkje undertrykkja og ikkje gjera urett mot ein innflyttar, for de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.

22. De skal ikkje plaga enkjer og farlause.

23. Plagar du dei, og dei så ropar til meg, vil eg høyra ropet deira.

24. Då skal vreiden min flamma opp, og eg skal slå dykk i hel med sverd så konene dykkar blir enkjer og borna dykkar farlause.

25. Låner du pengar til ein frå folket mitt, til den fattige hos deg, då skal du ikkje som ein pengeutlånar krevja renter av han.

26. Tek du kappa frå nesten din som pant, skal du la han få henne att før sola går ned,

27. for den er det einaste han har å sveipa seg i. Kappa skal han ha rundt kroppen, kva elles skal han liggja i? Når han ropar til meg, vil eg høyra; for eg er miskunnsam.

28. Gud skal du ikkje forbanna, og ein leiar i folket ditt skal du ikkje forbanna.

29. Ver ikkje sein med å gje av din rikdom og di overflod. Den førstefødde av sønene dine skal du gje til meg.

30. Det same skal du gjera med storfeet og småfeet ditt. Sju dagar skal det vera hos mora, den åttande dagen skal du gje det til meg.

31. Heilage menneske skal de vera for meg. De skal ikkje eta kjøt av dyr som er rivne i hel på marka, men de skal kasta det til hundane.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 22