Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 22:17-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Men nektar faren å gje henne bort til han, skal han betala ein sum som svarar til brureprisen for ei jomfru.

18. Ei trollkvinne skal du ikkje la leva.

19. Den som ligg med dyr, skal døy.

20. Den som ofrar til andre gudar og ikkje til Herren åleine, skal bli slegen med bann og utsletta.

21. Du skal ikkje undertrykkja og ikkje gjera urett mot ein innflyttar, for de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.

22. De skal ikkje plaga enkjer og farlause.

23. Plagar du dei, og dei så ropar til meg, vil eg høyra ropet deira.

24. Då skal vreiden min flamma opp, og eg skal slå dykk i hel med sverd så konene dykkar blir enkjer og borna dykkar farlause.

25. Låner du pengar til ein frå folket mitt, til den fattige hos deg, då skal du ikkje som ein pengeutlånar krevja renter av han.

26. Tek du kappa frå nesten din som pant, skal du la han få henne att før sola går ned,

27. for den er det einaste han har å sveipa seg i. Kappa skal han ha rundt kroppen, kva elles skal han liggja i? Når han ropar til meg, vil eg høyra; for eg er miskunnsam.

28. Gud skal du ikkje forbanna, og ein leiar i folket ditt skal du ikkje forbanna.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 22