Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 21:6-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. då skal herren føra han fram for Gud og stilla han opp ved døra eller ved ein dørstolpe, og herren hans skal stikka ein syl gjennom øyret på han. Så skal han vera slaven hans for all tid.

7. Når ein mann sel dotter si som slavekvinne, skal ho ikkje gjevast fri på same måten som dei andre slavane.

8. Har herren hennar valt henne ut til seg sjølv, men likevel ikkje likar henne, skal han la henne kjøpast fri. Men han har ikkje rett til å selja henne til eit framandt folk, sidan han har vore trulaus mot henne.

9. Men har han valt henne ut til son sin, skal han gje henne dei same rettane som døtrer har.

10. Får han endå ei kone, skal han ikkje la den første mangla kjøt, klede eller angande oljar.

11. Dersom han ikkje lèt henne få desse tre tinga, skal ho gjevast fri utan vederlag.

12. Den som slår eit menneske i hel, skal døy.

13. Om han ikkje hadde planlagt det, men det var Gud som lèt han falla for hans hand, då skal eg fastsetja ein stad han kan rømma til.

14. Men når nokon med overlegg og list drep nesten sin, då skal du ta han, om det så er frå altaret mitt. Han skal døy.

15. Den som slår far sin eller mor si, skal døy.

16. Den som bortfører eit menneske, skal døy, anten han sel det eller det blir funne hos han.

17. Den som forbannar far sin eller mor si, skal døy.

18. Det kan henda at to menn kjem i trette. Den eine slår den andre med ein stein eller med knyttneven så han blir sengeliggjande, men han døyr ikkje.

19. Dersom han kan stå opp att og gå ute med stokk, skal han som slo, sleppa straff. Han skal berre betala skadebot for den tida han har tapt, og syta for at han blir heilt frisk att.

20. Når nokon slår ein slave eller ei slavekvinne med stokk, så slaven døyr for hans hand, då skal det hemnast.

21. Men lever slaven ein dag eller to, skal det ikkje hemnast, slaven er jo hans eigedom.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 21