Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 21:5-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Men dersom slaven klårt seier: «Eg er glad i herren min og i kone og born, eg vil ikkje bli fri»,

6. då skal herren føra han fram for Gud og stilla han opp ved døra eller ved ein dørstolpe, og herren hans skal stikka ein syl gjennom øyret på han. Så skal han vera slaven hans for all tid.

7. Når ein mann sel dotter si som slavekvinne, skal ho ikkje gjevast fri på same måten som dei andre slavane.

8. Har herren hennar valt henne ut til seg sjølv, men likevel ikkje likar henne, skal han la henne kjøpast fri. Men han har ikkje rett til å selja henne til eit framandt folk, sidan han har vore trulaus mot henne.

9. Men har han valt henne ut til son sin, skal han gje henne dei same rettane som døtrer har.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 21