Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 21:21-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Men lever slaven ein dag eller to, skal det ikkje hemnast, slaven er jo hans eigedom.

22. Det kan henda at nokon slåst og støyter til ei gravid kvinne så ho mistar barnet, men sjølv ikkje blir skadd. Då skal den skuldige betala den skadebota som mannen hennar pålegg han, og det skal skje hos dommarane.

23. Men skjer det ein skade, skal du bøta liv for liv,

24. auge for auge, tann for tann, hand for hand, fot for fot,

25. brannsår for brannsår, flengje for flengje, skramme for skramme.

26. Når nokon slår ein slave eller ei slavekvinne i auget og skamfer det, skal han gje slaven fri som vederlag for auget.

27. Slår han ut ei tann på ein slave eller ei slavekvinne, skal han gje slaven fri som vederlag for tanna.

28. Det kan henda at ein okse stangar i hel ein mann eller ei kvinne. Då skal oksen steinast, og kjøtet må ikkje etast, men eigaren av oksen skal sleppa straff.

29. Men dersom oksen hadde for vane å stanga, og eigaren ikkje såg etter han endå han hadde vorte åtvara, og oksen så drep ein mann eller ei kvinne, då skal oksen steinast, og eigaren skal òg døy.

30. Blir han ilagd bot, skal han betala så mykje i løysepengar for livet sitt som det blir kravd av han.

31. Er det ein gut eller ei jente oksen stangar, skal same lova gjelda.

32. Men er det ein slave eller ei slavekvinne oksen stangar, skal eigaren gje herren deira tretti sjekel sølv, og oksen skal steinast.

33. Når ein mann lèt ein brønn stå open eller grev ein brønn utan å tekkja over, og ein okse eller eit esel dett nedi,

34. då skal den som eig brønnen, gje vederlag til den som eigde dyret, men det daude dyret kan han få ha.

35. Når ein okse skader ein annan manns okse så han døyr, skal dei selja den levande oksen og dela pengane. Det daude dyret skal dei òg dela.

36. Men var det kjent at oksen hadde for vane å stanga, og eigaren likevel ikkje såg etter han, då skal han gje ein annan okse til vederlag, og det daude dyret skal vera hans.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 21