Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 21:13-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Om han ikkje hadde planlagt det, men det var Gud som lèt han falla for hans hand, då skal eg fastsetja ein stad han kan rømma til.

14. Men når nokon med overlegg og list drep nesten sin, då skal du ta han, om det så er frå altaret mitt. Han skal døy.

15. Den som slår far sin eller mor si, skal døy.

16. Den som bortfører eit menneske, skal døy, anten han sel det eller det blir funne hos han.

17. Den som forbannar far sin eller mor si, skal døy.

18. Det kan henda at to menn kjem i trette. Den eine slår den andre med ein stein eller med knyttneven så han blir sengeliggjande, men han døyr ikkje.

19. Dersom han kan stå opp att og gå ute med stokk, skal han som slo, sleppa straff. Han skal berre betala skadebot for den tida han har tapt, og syta for at han blir heilt frisk att.

20. Når nokon slår ein slave eller ei slavekvinne med stokk, så slaven døyr for hans hand, då skal det hemnast.

21. Men lever slaven ein dag eller to, skal det ikkje hemnast, slaven er jo hans eigedom.

22. Det kan henda at nokon slåst og støyter til ei gravid kvinne så ho mistar barnet, men sjølv ikkje blir skadd. Då skal den skuldige betala den skadebota som mannen hennar pålegg han, og det skal skje hos dommarane.

23. Men skjer det ein skade, skal du bøta liv for liv,

24. auge for auge, tann for tann, hand for hand, fot for fot,

25. brannsår for brannsår, flengje for flengje, skramme for skramme.

26. Når nokon slår ein slave eller ei slavekvinne i auget og skamfer det, skal han gje slaven fri som vederlag for auget.

27. Slår han ut ei tann på ein slave eller ei slavekvinne, skal han gje slaven fri som vederlag for tanna.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 21