Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 20:6-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.

7. Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud, for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.

8. Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag.

9. Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning,

10. men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine.

11. For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og helga han.

12. Du skal heidra far din og mor di, så du kan leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.

13. Du skal ikkje slå i hel.

14. Du skal ikkje bryta ekteskapet.

15. Du skal ikkje stela.

16. Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.

17. Du skal ikkje trå etter huset til nesten din. Du skal ikkje trå etter kona til nesten din, slaven eller slavekvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

18. Heile folket var vitne til torebraka og lynglimta, lyden av bukkehorn og røyken frå fjellet. Folket såg det og skalv og vart ståande langt borte.

19. Dei sa til Moses: «Tal med oss du, så skal vi høyra! Men lat ikkje Gud tala med oss, for då kjem vi til å døy.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 20