Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 2:11-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Ei tid etter, då Moses var vaksen, gjekk han ut til landsmennene sine og fekk sjå tvangsarbeidet. Han såg ein egyptar som slo ein hebrear, ein av landsmennene hans.

12. Moses såg seg om til alle sider, og då han ikkje såg nokon, slo han egyptaren i hel og gøymde han i sanden.

13. Dagen etter gjekk han ut att. Då fekk han sjå to hebrearar som slost. Han sa til den som hadde skulda: «Kvifor slår du nesten din?»

14. Mannen svara: «Kven har sett deg til leiar og dommar over oss? Tenkjer du å drepa meg slik du drap egyptaren?» Då vart Moses redd og sa med seg sjølv: «Så er saka likevel kjend!»

15. Då farao fekk høyra om det, prøvde han å få Moses drepen. Men Moses rømde for farao. Han slo seg ned i landet Midjan, der han budde ved ein brønn.

16. Presten i Midjan hadde sju døtrer. Dei kom og drog opp vatn og fylte traua for å gje småfeet til faren å drikka.

17. Men det kom nokre gjetarar og jaga dei bort. Då greip Moses inn og hjelpte dei, og han gav småfeet deira vatn.

18. Då dei kom heim att til Re'uel, far sin, spurde han: «Kvifor kjem de så tidleg i dag?»

19. Dei svara: «Ein egyptar berga oss frå gjetarane. Han drog òg opp vatn for oss og gav småfeet å drikka.»

20. «Kvar er han?» spurde faren døtrene. «Kvifor gjekk de ifrå mannen? Hent han, så han kan få seg mat.»

21. Moses gjekk med på å bu hos mannen, og han gav Moses dottera Sippora til kone.

22. Ho fødde ein son, og Moses gav han namnet Gersjom; «for eg har vorte innflyttar i eit framandt land», sa han.

23. Lenge etter dette døydde kongen i Egypt. Israelittane sukka og klaga over slavearbeidet, og skriket deira steig opp til Gud.

24. Gud høyrde korleis dei stønna, og Gud kom i hug si pakt med Abraham, Isak og Jakob.

25. Gud såg til israelittane; Gud kjende dei.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 2