Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 2:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det var ein mann av Levis hus som gifte seg med ei levitt-dotter.

2. Kvinna vart med barn og fødde ein son. Då ho såg at det var ein fin gut, gøymde ho han i tre månader.

3. Men då ho ikkje kunne halda han gøymd lenger, laga ho ei korg av papyrusrøyr til han. Den tetta ho med bek og tjøre. Så la ho guten oppi korga og sette henne ut i sivet ved bredda av Nilen.

4. Syster hans stilte seg opp eit stykke unna for å sjå korleis det gjekk med han.

5. Då kom dotter til farao ned til elva for å bada, medan dei unge jentene i følgjet hennar gjekk att og fram langs elvebredda. Ho fekk auge på korga i sivet og sende ei av tenestejentene for å henta henne.

6. Så opna ho korga og fekk sjå guten, eit lite barn som låg og gret. Ho syntest synd på han og sa: «Dette er eit av guteborna til hebrearane.»

7. Då sa syster hans til faraos dotter: «Skal eg gå og finna ei hebrearkvinne som kan amma guten for deg?»

8. «Ja, gå!» sa dotter til farao. Så gjekk den unge jenta og henta mor til guten.

9. Dotter til farao sa til henne: «Kan du ta denne guten og amma han for meg? Eg skal løna deg for det.» Og kvinna tok guten og amma han.

10. Guten voks opp, og ho gjekk til faraos dotter med han, og guten vart ein son for henne. Ho gav han namnet Moses, «for eg har drege han opp or vatnet», sa ho.

11. Ei tid etter, då Moses var vaksen, gjekk han ut til landsmennene sine og fekk sjå tvangsarbeidet. Han såg ein egyptar som slo ein hebrear, ein av landsmennene hans.

12. Moses såg seg om til alle sider, og då han ikkje såg nokon, slo han egyptaren i hel og gøymde han i sanden.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 2