Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 19:8-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Og heile folket svara samrøystes: «Alt det Herren har sagt, skal vi gjera.» Dette svaret bar Moses tilbake til Herren.

9. Då sa Herren til Moses: «Sjå, eg kjem til deg i ei tett sky, så folket kan høyra når eg talar med deg. Då vil dei stola på deg for alltid.» Moses fortalde Herren kva folket hadde sagt.

10. Herren sa til Moses: «Gå til folket. Du skal helga dei i dag og i morgon, og dei skal vaska kleda sine.

11. Den tredje dagen skal dei halda seg klare, for på den dagen skal Herren stiga ned på Sinai-fjellet for auga på heile folket.

12. Du skal dra ei grense framfor folket og seia: Ta dykk i vare, så de ikkje går opp på fjellet eller rører ved foten av det! Kvar den som rører ved fjellet, skal døy.

13. Inga hand må røra han. Han skal steinast eller skytast. Anten det er eit dyr eller eit menneske, skal det ikkje få leva. Når det lyder ein lang hornstøyt, kan de gå opp på fjellet.»

14. Så gjekk Moses ned frå fjellet til folket. Han helga dei, og dei vaska kleda sine.

15. Han sa til folket: «Hald dykk klare den tredje dagen! Kom ikkje nær noka kvinne!»

16. Då det vart morgon tredje dagen, byrja det å torna og lyna. Ei tung sky la seg over fjellet, og det gjalla høgt frå bukkehorn. Alt folket i leiren skalv av redsle.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 19