Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 19:2-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Dei braut opp frå Refidim og kom til Sinai-ørkenen. Israelittane slo leir der i ørkenen, dei slo leir framfor fjellet.

3. Moses gjekk opp til Gud. Då ropa Herren til han frå fjellet: «Dette skal du seia til Jakobs hus og fortelja til israelittane:

4. De har sett kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevenger og bar dykk hit til meg.

5. Dersom de lyder mi røyst og held mi pakt, skal de vera min kostelege eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi.

6. De skal vera eit kongerike av prestar og eit heilagt folk for meg. Dette er dei orda du skal tala til israelittane.»

7. Då Moses kom tilbake, kalla han saman dei eldste i folket og la fram for dei alle dei orda som Herren hadde pålagt han.

8. Og heile folket svara samrøystes: «Alt det Herren har sagt, skal vi gjera.» Dette svaret bar Moses tilbake til Herren.

9. Då sa Herren til Moses: «Sjå, eg kjem til deg i ei tett sky, så folket kan høyra når eg talar med deg. Då vil dei stola på deg for alltid.» Moses fortalde Herren kva folket hadde sagt.

10. Herren sa til Moses: «Gå til folket. Du skal helga dei i dag og i morgon, og dei skal vaska kleda sine.

11. Den tredje dagen skal dei halda seg klare, for på den dagen skal Herren stiga ned på Sinai-fjellet for auga på heile folket.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 19