Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 19:16-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Då det vart morgon tredje dagen, byrja det å torna og lyna. Ei tung sky la seg over fjellet, og det gjalla høgt frå bukkehorn. Alt folket i leiren skalv av redsle.

17. Men Moses førte folket ut frå leiren for å møta Gud, og dei stilte seg ved foten av fjellet.

18. Heile Sinai-fjellet stod i røyk fordi Herren hadde stige ned på det i eld. Røyken steig opp som frå ein smelteomn, og heile fjellet skalv.

19. Lyden av bukkehorn vart sterkare og sterkare. Moses tala, og Gud svara han med høg røyst.

20. Då steig Herren ned på toppen av Sinai-fjellet. Herren kalla Moses opp til toppen av fjellet, og Moses gjekk opp.

21. Herren sa til han: «Gå ned og åtvar folket, så dei ikkje trengjer seg fram til Herren for å sjå! For då kjem mange av dei til å falla.

22. Jamvel prestane, som elles får stiga fram for Herren, må helga seg, for at Herren ikkje skal bryta inn blant dei.»

23. Då sa Moses til Herren: «Folket kan ikkje gå opp på Sinai-fjellet, for du har sjølv åtvara oss og sagt: Dra ei grense rundt fjellet og lys det heilagt!»

24. Herren sa til han: «Gå ned, og kom så opp att saman med Aron! Men prestane og folket må ikkje trengja seg fram for å gå opp til Herren, for då bryt han inn blant dei.»

25. Då gjekk Moses ned til folket og sa det til dei.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 19