Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 18:12-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Jetro, svigerfar til Moses, bar fram brennoffer og slaktoffer for Gud. Og Aron og alle dei eldste i Israel kom og åt med han framfor Guds andlet.

13. Dagen etter sat Moses og skifte rett blant folket. Dei stod omkring han frå morgon til kveld.

14. Då svigerfar hans såg alt det han hadde å gjera for dei, sa han: «Kva er det du tek på deg for folket? Kvifor sit du åleine og dømmer medan heile folket står oppover deg frå morgon til kveld?»

15. Moses svara svigerfar sin: «Folket kjem til meg for å spørja Gud om råd.

16. Når dei har sak, kjem dei til meg, og eg skifter rett mellom dei. Eg gjer dei kjende med Guds forskrifter og lover.»

17. Då sa svigerfar hans: «Det er ikkje bra det du gjer.

18. Du kjem til å slita ut både deg sjølv og folket som er hos deg. Dette er altfor tungt for deg, du kan ikkje gjera det åleine.

19. Høyr no på meg! Eg vil gje deg eit råd, og Gud skal vera med deg. Du skal stiga fram for Gud på vegner av folket og leggja sakene deira fram for han.

20. Du skal forklara dei forskriftene og lovene og gjera dei kjende med den vegen dei skal gå, og dei gjerningane dei skal gjera!

21. Men du skal sjå deg ut dugande menn av heile folket, menn som fryktar Gud, er pålitelege og som hatar urett vinning. Du skal setja dei til å vera førarar for tusen, hundre, femti og ti.

22. Dei skal skifta rett blant folket til kvar tid. Kvar stor sak skal dei koma til deg med, men i kvar lita sak skal dei dømma sjølve. Slik skal du letta børa for deg sjølv og la dei bera henne saman med deg.

23. Gjer du det slik og dette er Guds vilje, kan du halda ut, og då kan alt folket her dra heim i fred.»

24. Moses høyrde på svigerfar sin og gjorde alt det han sa.

25. Han valde ut dugande menn av heile Israel og sette dei til overhovud for folket. Somme skulle vera førarar for tusen, andre for hundre, femti og ti.

26. Og dei skifte rett blant folket til kvar tid. Kvar vanskeleg sak kom dei med til Moses, og i kvar lita sak dømde dei sjølve.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 18